onsdag 4. mai 2011

"vaskeseddel"


«Vann til elefantane» er ein roman fortalt frå munnen på nitti år gamle Jacob Jankowski. Han sitt på eit gamleheim og tenkjer seg sytti år tilbake, til tida rundt depresjonen i USA. 

Som ung nesten ferdig utdanna veterinær, hamna han via tragiske omstendigheitar på «Benzini- brødranes Mest Spektakulære Sirkus i Verda». Eit lurvete lite sirkus leda av den snuskete direktør Onkel Al, som forgjeves prøvde å konkurrere med det legendariske «Ringling-sirkuset». 

Onkel Als hjelpar er den sjarmerande August. Hans sjarm skal vise seg å spele eit dobbeltspill, der han viser seg frå to ulike sider. August er gift med vakre Marlena, som har dei mest fantastiske hesteoppvisningar. Jacob blir sjølvsagt hovudstups forelska, og eit alvorleg drama er i gang. 

1 kommentar:

  1. Bra, Sofie, dette er eit handlingsreferat som vekkjer lesarens interesse.

    SvarSlett